VAKTSKIFTE I FORBUNDET KYSTEN

Bente Asphaug vert ny generalsekretær i Forbundet KYSTEN. Ho tek over etter Per Hillesund som gir seg til sommaren, etter å ha leia organisasjonen i 37 år.

Bente Asphaug kjem frå jobben som dagleg leiar for Frivillige Organisasjoners Redningsfaglige Forum (FORF) og Nasjonalt Redningsfaglig Råd (NRR).

Ho har tidlegare arbeidd i Redningsselskapet, der ho mellom anna var operativ leiar for dei frivillige sjøredningskorpsa og leiar for frivillighetsavdelinga. 

Bente bur i Oslo, men kjem opphaveleg frå Sotra. Ho er utdanna ved Handelshøyskolen i Oslo, har både utdanning og lang erfaring som leiar, har arbeidd tett opp mot myndigheiter og ulike samarbeidspartar, og ikkje minst – ho har god kjennskap og forståing for frivilligheita.  

Gjennom dei tidlegare jobbane sine, har ho blitt godt kjent med folk og stadar langs kysten. Spesielt gjennom arbeidet med dei frivillige sjøredningskorpsa.

Ho har dykkarsertifikat, kystskippersertifikat, trebåt og hund.

Bente vart plukka ut blant 53 søkarar. Landsstyret har vore overvelda av interessa for jobben, men er godt nøgd med det endelege valet og gler seg til å samarbeide med henne. Ho startar i jobben 20. april 2026.

error: Content is protected !!