Jæren Kystlag

For bevaring av vår kystkultur ...

Oversiktskalender

April 2018
M T O T F L S
1
2 3 4 5 6 7 8
9 10 11 12 13 14 15
16 17 18 19 20 21 22
23 24 25 26 27 28 29
30

Kommende aktivitet

26. apr 2018
18:00 -
Drop-in Obrestad fyr
02. mai 2018
18:00 -
Båtbygging Sør-Reime
03. mai 2018
18:00 -
Drop-in Hognestad
09. mai 2018
18:00 -
Båtbygging Sør-Reime
10. mai 2018
18:00 -
Drop-in Obrestad fyr

 

Vedtekter for Jæren Kystlag

Vedtekne på stiftingsmøte 15. februar 1999
Sist endra på årsmøte 17. mars 2011

 

§ 1 Namn, geografisk arbeidsområde og tilknyting

Namnet på laget er Jæren Kystlag. Geografisk område er i hovudsak kommunane Klepp, Time og Hå. Jæren Kystlag er eit lokallag i Forbundet KYSTEN. Laget er registrert i Hå Kommune.

§ 2 Formål

Jæren Kystlag skal fremja arbeidet for vern og bruk av, og almen kunnskap om norsk kystkultur, i samsvar med formålsparagrafen til Forbundet KYSTEN, vedtekter og arbeidsplanar. I dette skal en særlig leggja vekt på:

  • Lokale tradisjonar knytt til båtar, bygningar, anlegg, teknisk og anna utstyr, reiskap, driftsmåtar, handverk, sjømannskap, miljø og levavis
  • Samarbeid med andre kystlag, kulturetatar/politiske organ, museum, skular, foreiningar o.lign om aktuelle kulturvern oppgåver.
  • Samarbeide med landsstyret, arbeidsutvalet og sekretariatet i Forbundet KYSTEN når det er naturlig og nødvendig.

§ 3 Medlemskap

Alle kan verta medlem av Jæren Kystlag. Medlemskontingenten kan graderast i:

a. Einskil medlem

b. Familiemedlem

Eit medlemskap gir ei røst på årsmøtet. Røysterett har dei som har betalt kontingenten innan utgangen av året. Utmelding bør skje skriftlig. Ubetalt kontingent vert rekna som utmelding i første kvartal i etterfølgjande år.

§ 4 Årsmøtet

Årsmøtet er høgaste myndigheit i laget. Årsmøte skal haldast kvart år innan utgangen av mars, med minst 2 vekers varsel. Leier i styret er møteleiar dersom ikkje årsmøtet ønskjer ein annan møteleiar. Samen med innkallinga skal følgje vedtektsfesta saksdokument som er:

  • Årsmelding og rekneskap for året
  • Framlegg til budsjett, arbeidsplan og kontingent for nytt år
  • Framlegg til val

Alle medlemmer i laget kan koma med framlegg til årsmøtesaker. Slike framlegg må være komne skriftlig til styret seinast ei veke før årsmøtet. Saker som ikkje gjeld vedtektsendring eller oppløysing av laget, vert avgjorde med simpelt fleirtal. Ved likt røystetal, og berre då, tel leiar i laget si røyst dobbel.
Benkeframlegg kan handsamast dersom to tredjedelar av årsmøtet ønskje det.
Framlegg om vedtektsendring eller oppløysing av laget kan ikkje fremjast som benkeforslag. Et lovlig innkalla årsmøte er alltid beslutningsdyktig. Årsmøtet skal handsama:

  • Godkjenning av innkalling
  • Årsmelding og rekneskap
  • Framlegg til ny arbeidsplan og nytt budsjett
  • Framlegg til val
  • Kontingent
  • Innkomne framlegg
  • Val av nytt styre
  • Val av revisor som ikkje er styremedlem

§ 5 Ekstraordinært årsmøte

Ekstraordinært årsmøte skal kallast inn når eit fleirtal av styret eller ein tredjedel av laget sine medlemmer krev det. Ekstraordinært årsmøte kan berre handsama dei sakene som er årsaka til innkallinga. Innkallinga skal vera skriftleg og med dei same fristane som for ordinært årsmøte. Ekstraordinært årsmøte skal haldes innan seks veker etter at det er kravd, men likevel slik at månadene juni, juli og august ikkje vert rekna med.

§ 6 Styret

Etter framlegg frå valnemnda skal årsmøtet velja leiar, nestleiar, tre styremedlemmar, tre varamedlemmar, revisor og valnemnd. Ved val bør det takast omsyn til ei geografisk fordeling av representantane.

Leiar og nestleiar vert valde særskilt.

Funksjonstid for leier er 1 år mens for andre styremedlemmer er funksjonstida 2 år.

Varamedlemmar og revisor har ei funksjonstid på 1 år.

Valnemnda har 2 medlemmer og har ei funksjonstid på 1 år.

Styret er vedtaksdyktig når tre medlemmer er til stades, av desse leiar eller nestleiar.

Styret skal arbeida etter dei hovudlinene som årsmøtet har gjort vedtak om, mellom anna i arbeidsplanen, men opptrer elles sjølvstendig for å fremja Kystlaget sine målsettingar.

Styret kan peike ut arbeidsutval eller grupper til særskilde oppgåver, og kan og knytte til seg rådgjevare innan særskilde arbeidsområde.

§ 7 Endring av vedtektene

Endring av vedtektene kan berre gjerast med minst to tredjedels fleirtal på vanleg eller ekstraordinært årsmøte.

§ 8 Kommersiell verksemd

Kystlaget sitt namn og verksemd kan ikkje nyttast i kommersiell samanheng utan styret si godkjenning.

§ 9 Oppløysing av laget

Med to tredjedels fleirtal i to på kvarandre følgjande år kan årsmøtet avgjera at laget skal løysast opp. Kystlaget sine økonomiske midlar, arkiv, med vidare, skal då overførast til Forbundet KYSTEN. Fast eigedom, samling med meir skal forvaltast vidare i samråd med Forbundet KYSTEN, kommunane og lokale museum.

Jæren Kystlag 1999 © 2018

Med alle rettigheter!

Org.nr: 886 425 252